Hjelp til å klare deg sjølv Kom innom Molde helse- og mestringsarena på Bergmo. Her kan du få sjå, prøve og låne hjelpemiddel som kan lette kvardagen både på kort og lang sikt. August Vågenes har vore innom Molde helse- og mestringsarena utan timeavtale, og fekk god hjelp av ergoterapeut Ingunn Orvik Stene.I vår opna Molde helse – og mestringsarena dørene på Bergmo. Då vart det ein ny og betre kvardag for hjelpemiddeltenesta og for innbyggarane i Molde kommune. Her finn du lagerlokale for hjelpemiddeltenesta, kurslokale, visningsrom og rom for utprøving av hjelpemiddel.Prøv sjølvTeknologiske hjelpemiddel kan kanskje vere litt ukjend for mange. Her kan du sjå og trykke på ein del av desse, og gjere deg opp ei meining om dette kan vere noko for deg. Hjelp utan timeavtaleVi i Molde helse – og mestringsarena er opptekne av at du skal klare deg sjølv så lenge som mogleg. Då treng du av og til litt enkle hjelpemidlar eller du kan ha meir utfordrande behov. Hos oss finn du fagpersonar som er gode på å sjå kva som trengs. Du treng ikkje å bestille time. På torsdagar mellom klokka 12 og 15 kan du møte opp utan timeavtale, og då får du god hjelp frå dyktige fagfolk.Kortvarig eller langvarig hjelpDet er mogleg å låne hjelpemiddel for kortvarige behov ved å møte opp i opningstida. Då kan du snakke med ein av hjelpemiddelteknikarane som finn fram til det du treng.Du kan óg hente og levere hjelpemiddel på Aktivitetssenteret i Eidsvåg.Når det gjeld langvarige behov for hjelpemiddel så må du søkje til Nav Hjelpemiddelsentral. Vi gir deg gode råd og hjelper til med det praktiske. Slik når du oss:Bergmo, Nøisomhedvegen 34D (dei gamle lokala til KIWI)Telefontid: Kvardager kl. 12.30-14.30Telefonnummer: 93 23 96 03Besøkstid (utan timeavtale) torsdagar 12-15 Du finn meir informasjon på molde.kommune.no Sist endret 07.01.2025 11.17