Frivillig for friskliv og helse

«Sterk og stødig» og aktivitetsvennordninga er to kommunale tilbod, men over 200 frivillige hjelper til for at andre kan få glede og aktivitet i kvardagen. 

– Førebyggande helse handlar om å gi folk verktøy så dei kan klare seg sjølve lengre. Aktivitet og sosialt fellesskap er viktig, seier Guro Grønningsæter. Ho jobbar som frivilligkoordinator for førebyggande helse i Molde kommune. Ho organiserer over 200 frivillige. Dei er ein uvurderleg ressurs. 

– Dei frivillige er våre kvardagsheltar. Utan dei kunne vi ikkje hatt så mange tilbod, seier ho.

To menn og ei dame trener med stol. Foto. - Klikk for stort bilde“Sterk og stødig” er eit kommunalt treningstilbod som mange finn glede og nytte i. Frå venstre: Ingar Aas, Bjørn Arild Sæther og instruktør Christa Oscarsson.

Sterk og stødig

Eit av dei viktigaste tiltaka Guro jobbar med er «Sterk og stødig». Dette er eit treningstilbod for eldre som vil få betre balanse og unngå fall. 

– Målet er å gjere folk tryggare i kvardagen. Når dei kjenner meistring gjennom trening, blir dei både fysisk og mentalt sterkare, seier Guro. Tilbodet har 20 instruktørar rundt om i kommunen. Det finst òg ei eiga gruppe som heiter «Fortsatt aktiv», tilpassa personar med demens eller kognitiv svikt. 

– I «Fortsatt aktiv» bruker vi musikk og lagar ei triveleg stemning. Det er maks seks deltakarar per gruppe, slik at alle blir sett og tekne vare på, fortel ho.

Aktivititetsvenn gir glede i kvardagen

Ein annan viktig del av Guros jobb er aktivitetsvennordninga. Dette er eit tilbod der frivillige møter personar med demens eller kognitiv svikt. 

Kvinne sitter bak skrivebord. Foto. - Klikk for stort bildeFrivilligkoordinator Guro Grønningsæter

– Aktivitetsvennene gjer at deltakarane kan vere aktive og sosiale. Dei går tur, spelar spel eller berre tek ein kaffikopp saman, seier Guro. Det første steget for å få ein aktivitetsvenn er eit heimebesøk av Guro. 

– Vi snakkar om interesser og behov, slik at vi kan finne den rette frivillige. Ordninga samarbeider òg med Røde Kors, som tilbyr besøksvener for dei som treng ein annan type støtte.